torsdag 8. mai 2008

Kul og tur




I tida som kjem har me her i bygda mykje godt å sjå fram mot, jmf. Kulturkalendaren i HF.


The Roots aka gromgutane aka prinsane aka godgutane aka goingane aka elsklingane aka elskpådeitruppen aka ?uestlove og Black Thought m.f vitjar byen 20.august. Ser fram til ein forrykande konsert som kjem til innehalda krut og meir enn berre sterk kaffi. Alle med respekt for seg sjølv og som veit innerst inne at dei er kule får med seg denne eventen. Det er ikkje lagt ut meir enn 1500 billettar så de bør ikkje klø dykk altfor lenge i dei stygge permanent ballane dykkar før de tingar billett!





Eit anna band ved namn Looptroop, skal ifølgje KK spele på Garage den 6.juni. Her vil det også vere obligatorisk oppmøte for dei som har rikeleg med hår på brystet, ein sixpack sjølvinnsikt og 20 øl omgjort til sjølvtillit . Eg kan telje på ei hånd kor mange svenskar eg likar særskildt godt, og desse er tre av dei. Tyskarar derimot, dei har eg ikkje masse til overs for. Uansett, Looptroop Rockers ftw!


Medan ein skriv om events i Bergen by må ein nemne at Foo Fighters/ Queens of The Stoneage konserten enno ikkje er utseld. Ein konsert av eit mykje større format enn dei ovannemnte, som sannsynlegvis vil verte ein folkefest. Til sist må eg nett presse inn at Memphisgutane Three 6 Mafia tek Bergen med storm den 24.mai.


Fleire konsertar framover som eg ikkje har ramsa opp, men dei treng ikkje vere drit av den grunn. Dei som ikkje går på konsert driv på med slikt:






Ingen kommentarer: