mandag 28. april 2008

Imens eg leika, kom eg på bloggen.

Meiningsleverandørarane i BG54 sin blogg er i kjømda! Og som du les er det allereie i tittellinja lagt opp til morosame ordspel og fanteri.

Den vil i tida som kjem vere eit frikst og kvalitetsikkert produkt i ei bloggverd prega av inflasjon og sur sos frå kjedelege kvardagar. Bleggen vil i hovudsak dreia seg om ymse viktige ting, som til dømes nyhende frå Vatokanet; gjerne i tilknytning til datamaskina til Jarle, Remi sine damer, Arne og hans jobbsøking, Einar sine morfintrippar eller garden til Kjetil.

Sidan me også er opptekne av å vere fiendtleg innstilt, tek me sterk avstand frå dei altfor mange bloggane som er råka av sosialpornografi og klovneri. Viss nokon har ei oppfatning av at me hiv oss på ei motebølgje av vebbdagbøker, kan dei ta seg ei giftig nepe og dø. Hugs at me held oss inne med Nils Berg og nyttar surfebrettet hans regelmessig. Apropos giftige neper; Kvar veke vil me dela ut ei giftig nepe til den eller dei som fortener spyttklyser og smerte. Kom gjerne med forslag her.

Ingen kommentarer: